Dvergsdal & Sunde Bygg AS


Dvergsdal & Sunde Bygg AS vart etablert i 2003, og står for sal og oppføring av bustadprosjekt. Vårt nedslagsfelt strekkjer seg over Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, og våre salskontor er lokalisert i Førde, Sogndal og Nordfjordeid.

Sagaparken Panorama -Nordfjordeid.

Sagaparken Panorama -Nordfjordeid.

Vi utviklar bustadprosjekt!

Vi har først og fremst fokus på å utvikle gode bustadprosjekt i gamle Sogn og Fjordane. Dette har vi gjort sidan 2003 og referanselista er etter kvart blitt lang

I tillegg til å utvikle bustadprosjekt, er vi også forhandlar av Hus1 Norge AS, som tilbyr arkitektteikna ferdighus av høg kvalitet.

Eigedomsutvikling skjer også ofte saman med eksterne partar, slik det er gjort både på Tre Søster i Førde og Notøbakken Panorama i Florø.


Felles for alle prosjekt er at vi har drivkraft og engasjement for å lage bustader og nabolag som folk skal trivast i. Vår erfaring har vist at det lønner seg.

Vårt konsept

Vi har i dei seinare åra med stort hell gått over til ein ny organiasjonsmodell. Vi er i dag kun to fast tilsette, begge med lang erfaring frå bustadprosjekt i Sogn og Fjordane.

Til prosjekt leiger vi inn prosjektleiarar, snikkarlag og andre underleverandørar. Vår lange erfaring har gitt oss eit godt grunnlag for å finne dei riktige samarbeidspartnararne til kvart enkelt prosjekt.


Kontaktpersonar DS Bygg: