Solsida, eksklusiv 2M bustad

Solsida, eksklusiv 2M bustad


Beliggenheit

No har du mulegheiten til å sikre deg ein bustad på ein av Sogndals beste beliggenheit. Denne eksklusive 2M bustaden som inneheld alt du kan drøyme om ligg i Solsida i Sogndal. Du blir ein del av eit godt etablert grendalag med leikeplassar og fotballbane like i nærheiten. Dette er ei solrik tomt med flott utsikt til sentrum og fjorden. Bustaden har 15 min. gangtid til sentrum og 5 min. gangtid til Fosshaugane Campus.


Om bustaden

Denne eksklusive 2M bustaden går over 3 plan med mange gode og store opphaldsrom. Det følgjer og med dobbel carport med eigen sportsbod i bakkant. 
KJELLAR
Her finn du eige vaskerom, stor bod, bad der me leverer med ein infraraud sauna, aktivitetsrom og bibliotek/TV rom. Aktivitetsrommet kan ein benytte til forskjellige ting, for eksempal kan ein innrede det som eit eige treningsrom.
HOVUDPLAN
Hovudplanet inneheld eit romsleg inngangsparti, 2 store soverom, bad og ein åpen løysing med stove og kjøkken. Stova vil få installert gasspeis.
LOFT
Her finn du hovedsoverom med eigen walk in garderobe og bad. På loftet er det utgang til stor flislagt takterrasse med glassrekkverk. Innafor takterrassen blir det montert eit lite kjøkken som ein kan nytte ved bruk av takterrassen. Det blir lagt opp uttak til gass som ein kan nytte til grilling, gassbord o.l.


Innhald

OVERFLATER
Bustadene vert levert med målt gips i alle himlingar. Innvendige veggar i tørre rom blir gipsa, lagt på duk og målt i ein lys farge. Alle bad blir levert med flisar på veggar og golv. Det blir og flislagt golv på vaskerom og i inngangsparti. Stove, kjøkken, soverom og bod vert levert med vår standard laminat.
Takterrasse med fliser på golv og rekkverk i glass. Utvendige overflater er i målt/pussa betong og royalimpregnert kledning.
DØRER
Innvendige dører er kvitmåla av typen visjon 1 eller tilsvarande. Hovuddør og balkongdør blir levert i kvit utførelse.
VINDAUGE
Alle vindauge er vakumimpregnerte 3-lags super energiglass med argongass, levert i henhold til teikningar. Vindauga blir aluminium belagt på utside og kvitmåla på innside.
KJØKKEN OG BAD
Vert levert kjøkken frå vår leverandør Fossline, som leverer eit norsprodusert kjøkken av god kvalitet. På bada blir det levert kvit baderomsinnreiing og speil med sidelys. På badet i kjellaren blir levert med frittståande infrarød sauna
SANITÆR
Alt sanitærutstyr er levert i kvit utførelse fra anerkjende produsentar. Toalett på bad er vegghengt av typen Geberit Monolith. Utstyr i henhald til spesifisert beskrivelse.
LISTVERK
Det blir listefritt i himling og rundt vindauger og ytterdører. Golv og innvendige dører blir levert med glatt kvitmåla listverk av god kvalitet. Listverket blir montert med synlege stiftar.
VENTILASJON
Kvar bueining blir levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. 
ELEKTRISK
Elektrisk anlegg blir levert iht dagens krav, og punkta vil i størst mogleg grad bli skjult anlegg. Er med lamper i alle rom, i stove/kjøkken og bibliotek blir det levert med spottar. Det blir levert med varmekabar på alle golv utanom bod og soverom.
GARASJE/CARPORT
Blir levert med dobbel carport som inneheld sportsbod i bakkant
OPPVARMING
Som oppvarming blir det levert gasspeis i bustaden. Det vil og vere uttak til gass på takterrassen som ein kan nytte til grilling, gassbord etc. Det vil og bli levert med varmekablar i dei fleste av golva.
TV/INTERNETT
Det blir levert uttak for fiber i leilegheiten. Mottakar for signal og bestilling av abonnement må kjøpar stå for.
UTOMHUS
Tilkomstveg blir asfaltert. Grøntareala blir levert med ferdig sådd plen. Utanfor inngangspartiet blir det flislagt.

Ta kontakt for prospekt og prosjektbeskrivelse
 

Ta kontakt:

Bildegalleri

Video