Nedrehagen BB2 blokk 1

Nedrehagen BB2 blokk 1


Beliggenheit

No startar salet på totalt 20 leilegheiter av ulike størrelsar. Leilegheitene ligg i Sogndals nye bustadmiljø i Nedrehagen. Dei har lett tilkomst og ligg nært og sentralt til. Her er det kort veg til det meste, og du er omslutta av vakker natur. Den kan du ta i bruk sjølv og du får den som ei flott ramme rundt aktivitetane og attraksjonane i området. Stikkord er fjord, fjell, bre, daler, elver og vatn i ei herlig blanding. Sogndal har alt du treng fra fjord til fjell med unike naturopplevingar sommar som vinter. Kan nemne fotball, ski, sykkel, klatring og padling. Som student vil du bli ein del av eit fantastisk studentmiljø


Om leilegheitene

I første byggetrinn består blokka av 20 leilegheiter, desse er fordelt på 2 ulike størrelsar. I første etg. kjem det små studioleilegheiter på 33kvm BRA, mens resterande leilegheiter er på 65kvm BRA med to soverom.
Leilegheitene har inngang frå ein takoverygd svalgang, som har forbindelse med eit trapperom med både trapp og heis, noko som gir alle leilegheitene god tilkomst. Alle leilegheitene er på eit plan, og har store vindauger som gir mykje naturleg lys. Utanfor stova er ein eigen privat balkong med takoverbygg, slik at balkongen kan nyttast uansett vær


Innhald

OVERFLATER
Leilegheitene vert levert med målt gips i alle himlingar. Innvendige veggar i tørre rom blir gipsa, stria og målt i ein lys farge. Bad/vask leverast med flisar på veggar og golv. Golv i entre/gang, stove, kjøkken, soverom og bod vert levert med golvbelegg av høg kvalitet.
Balkong med golvoverflate av betong og rekkverk i tre. Utvendige overflater er i målt betong og kledning. Vindauger og utvendige dører er ferdigmåla.
DØRER
Innvendige dører vert levert glatte kvitmåla. Hovuddør og balkongdør blir levert i kvit utførelse. 
VINDAUGE
Alle vindauge er vakumimpregnerte 3-lags super energiglass med argongass, levert i henhold til teikningar og er kvitmåla på begge sider.
KJØKKEN/GARDEROBE/BAD
Kvit kjøkken og baderomsinnreiing. Det leverast eit garderobeskap pr. sengeplass, garderobeskapa er kvite og glatte.
SANITÆR
Alt sanitærutstyr er levert i kvit utførelse fra anerkjende produsentar. Utstyr i henhald til spesifisert beskrivelse.
LISTVERK
Glatt kvitmåla listverk av god kvalitet i alle bustadrom. Listverket blir montert med synlege stiftar.
VENTILASJON
Kvar leilegheit er levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. 
ELEKTRISK
Det leverast punkt etter Nek 400 og Nek 399, punkta vil i størst mogleg grad bli skjult anlegg.
PARKERING/BOD
Dei største leilegheitene vil få kvar sin sportsbod og ein parkeringsplass i parkeringsanlegget. Resterande parkeringsplassar blirr felles for heile sameiget
OPPVARMING
Som oppvarming blir det levert vassboren varme i alle rom i leilegheiten.
TV/INTERNETT
Det blir levert uttak for fiber i kvar leilegheit. Mottakar for signal og bestilling av abonnement må kjøpar stå for

Ta kontakt for prospekt og prosjektbeskrivelse

Ta kontakt

Bildegalleri

Video