Hotellhagen firemannsbustad

Hotellhagen firemannsbustad

Framdrift

Utbyggjaren tek atterhald om godkjent byggjeløyve og tilstrekkeleg førehandssalg.

Fasilitetar

Gjesteparkering, garasje/p-plass, hage, peis/ildsted, balkong/terrasse, aircondition/ventilasjon, turterreng, sentralt


Fakta

Bruksareal:92 kvm
Etasjar: 1
Soverom: 2 ev. 3
Carport: Carport med bod
Pris: kr 2.990.000


PLASSERING

Leileghetene har lett tilkomst og her er det kort veg til det meste, og du er omslutta av vakker natur. Den kan du ta i bruk sjølv og du får den som ei flott ramme rundt aktivitetane og attraksjonane i området.

Bustaden er sentralt plassert i hotellhagen ved Scandic Nordfjord Hotell, kun 2 minutt frå den vakre Eidsgata.

Eid er plassert midt i Nordfjord med ca 45.000 menneske innanfor 1 times radius. Frå kommunesenteret Nordfjordeid er det kort avstand til dei andre kommunesentra i Nordfjord og søre Sunnmøre; Måløy, Stryn, Sandane og Ørsta/Volda. På 40-45 min. kan ein nå heilt ut til storhavet i vest og til høgfjellet og breen i aust. Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt ved at RV 15 frå Måløy til Otta krysser stamvegen E39 som går lang heile kysten frå Stavanger til Trondheim. Det er og nært samband til flyplassen på Sandane med daglege flyruter til Oslo og Bergen. Nordfjordeid er eit viktg handelssenter i Nordfjord, og her finn du viktige offentlege tenester for heile regionen.

Eid i utvikling

Dei neste to åra vil Eid være ein stad i rask utvikling. Det vil skje utbyggingar i privat, kommunal og statleg regi med eit samla omfang vi aldri før har sett maken til på så kort tid. Dei store utbyggingane som no er på veg, vil gjere Eid til ein endå betre stad å leve livet sitt for alle som bur her. Nytt omsorgsenter er eit nødvendig løft for alle som treng pleie og omsorg. Ny fleirbrukshall er viktig både for skulen og alle barn, unge og vaksne som driv med idrett. Nytt hovud-vassverk, nye bustadfelt og nye næringsområder vil ta Eid inn i framtida.

Eid inviterar til eit lokalsamfunn som ser framover. Ein stad der det er godt å bu og leve for gamle og nye innbyggjarar, og ein attraktiv stad å kome til for dei 40 - 50.000 menneska i bu- og arbeidsmarknaden rundt. Eit Eid som har gode kommunale tjenbester, fyrsteklasses tilhøve for kultur og idrett, levande bygder og eit sentrum som er kompakt, innhaldsrikt og attraktivt.

Overflater

Leilighetene blir levert med ferdigmåla kvite Huntonit Classic takplater i alle himlingar. I alle tørre rom vert det
levert kvite kostemalte Huntonit MDF skygge plater. Bad blir levert med våtromsbelegg på golv og Marcato design M63 våtromsplater på vegger . Golv i entre/gang, stue, sov og kjøkken og bod leverast med laminat.

Trykkimpregnert balkong utanfor stove i leilegheiter i 2. etg, platting utanfor stove i 1. etg og utanfor inngangsparti. Vernestrøk på all utvendig kledning. Vindauge og utvendige dører er ferdigmåla.

Dørar

Innvendige dører blir levert i Visjon 1, kvitmålt. Som hovuddør blir det levert Hus 1 Norge standart moderne dør med innfresa profiler i kvit utføring. Balkongdør i vakuumimpregnert furu frå Norgesvinduet blir levert kvitmåla utvendig og innvendig.

Vindauge

Alle vindauge er vakuumimpregnerte med 3-lags super energiglas med argongass, levert iht teikninga og er kvitmala på begge sider. Dei leverast med klipssprosser. Vindauge blir levert av Norgesvinduet.

Kjøkken/bad/garderobe

Kvit glatt kjøkken innredning frå Fossline.
Bad blir levert 90 cm møbel

Listverk

Moderne kvitmalt listverk av god kvalitet i alle bustadrom.

Sanitæranlegg

Alt sanitærutstyr er levert i kvit utføring frå anerkjende
produsentar. Utstyr i samsvar med leveransebeskriving.

Oppvarming

Det vert levert vedomn type Curve 100 frå produsenten Heat&Glo. Vedovnen vert levert klar til bruk.
Varmekabel på bad.

Ventilasjon

Kvar leilegheit er levert med balansert ventilasjon med varme gjenvinnar.

Elektrisk anlegg

Det blir levert etter Nek 400

Garasje/acrport

Det er inkludert carport og sportsbod.

Eigarskap

Den enkelte sameigar rår som eigar over sin seksjon (§22).
Eigarseksjon (brukseininga) består av leilegheita (hovuddel) og del av fellestomt (fellesareal). Kjøparar av bustad i første del av utbygginga på feltet får heimel til området. Dei må etablere et (førebels) styre for sameiget og eventuelt bidra med samtykke/signatur for resterande utbygging.

Grunn og utvendig arbeid

Feltets adkomstvei blir asfaltert. Det blir ikkje levert gatelys. Fellesareala blir levert ferdig i sådd.

Brannsikring

Brannslokningsapparat og røykvarslar blir levert til kvar bustad.

Avgifter og gebyr

Det må betalast dokumentavgift av verdien for tomta, tinglysningsgebyr for skøyte og panteobligasjonar.

Bankgaranti

Det blir gitt bankgaranti til kjøpar.

Generelle forhold

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggjeprosjektet, og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga av utbygginga. Alle opplysningar er difor gjeve med atterhald om at utbyggjar kan foreta mindre endringar viss dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg.

Prosjektbeskrivinga går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik. Vi gjer merksam på at alle bilete/illustrasjonar brukt i prospektet kan avvike.

Ferdigstilling

Igangsettinga er stipulert til vår 2016. Utbyggjaren tek atterhald om godkjent byggjeløyve og tilstrekkeleg førehandssalg.

Ta kontakt:

Bildegalleri