Dvergsdal & Sunde Bygg AS


Dvergsdal & Sunde Bygg AS vart etablert i 2003, og står for sal og oppføring av bustader. Sidan starten har vi satsa på ein berekraftig drift, der kvalitet i alle ledd står i fokus. Vårt nedslagsfelt strekkjer seg over heile Sogn og Fjordane. Våre salskontor er lokalisert i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Vi er blitt medeigar i Hus 1 Norge AS som tilbyr arkitektteikna ferdighus av høg kvalitet. 

Nærleik og soliditet

Dvergsdal & Sunde Bygg AS framstår som ein solid og seriøs aktør i marknaden. Dette skal visast gjennom gode resultat og fornøgde kundar.

Vi har fokus på at vår nærleik til marknaden skal sørge for at vi er tilgjengelege. I tillegg skal vi bygge tillit og bidra til god kontroll og styring av samtlege prosjekt.

Moderne handverk med tradisjonar

Vi har høg yrkesstoltheit, og satsar på kvalitet basert på godt handverk. Vårt fag har lange tradisjonar. Dette er halde i hevd, samtidig som vi nyttar moderne metodar og utstyr. Vi tek ingen snarvegar når det gjeld kvalitet, både med tanke på materialar og utføring. Resultatet blir ein bustad som er skapt for det moderne liv basert på det solide handverket.

Kompetanse

Våre tilsette er vår viktigaste ressurs når vi skal nå våre mål. Vi er stolte av å ha engasjerte medarbeidarar med høg og brei fagkompetanse.

Dei skal sørgje for ein god og sikker byggjeprosess. Vi kvalitets-sikrar alle oppdrag frå start til slutt, slik at leveransen blir i henhold til avtalt kvalitet og tid. Våre samarbeidspartnarar og underleverandørar arbeider etter dei same kvalitetskriteria som oss. Ved å satse på gode medarbeidarar som jobbar mot det same målet, sørgjer vi for at vi oppfyller vårt eige motto: Riktig første gangen!

HMS

Det vert stilt stadig strengare krav til HMS. For oss er dette ein naturleg del av dei daglege rutinane.

Vi ønskjer å ta vare på våre tilsette gjennom å leggje til rette for ein trygg og triveleg arbeidsplass. I tillegg er det viktig at våre tilsette forstår viktigheita av dette arbeidet, både med tanke på eigen og andre sin sikkerheit. Omsyn til miljøet rundt oss er også ein viktig del av vårt HMS-system. 

Dvergsdal & Sunde har gjennom fleire år satsa sterkt på bygging av miljøvennlege hus.