Einebustader frå Hus 1 Norge
Dvergsdal & Sunde er medeigar i den nye ferdighus-leverandøren Hus 1 Norge. Ved utviklinga av Hus 1 Norge sine nye hus er lista lagt høgt når det gjeld kvalitet og innovasjon. Vi har ein klar fordel ved at vi har starta utvikling og prosjektering av nye hustypar i tråd med den nye plan- og bygningslova (TEK 10). Våre hus har bl.a. etasjehøgde på 260 cm og dør-/ vindaugs-høgde på 230 cm. Dette gir saman med auka mengde dagslys ein forbetra romfølelse utan at det kostar noko ekstra.
Hus1Norge tilbyr deg ferdighus i to ulike stilartar:
Vår tradisjonelle hus-serie, klassisk norsk og med gode kvalitetar som strekk seg langt tilbake i god, norsk byggetradisjon.
Hus med utradisjonelle løysingar, eksteriør- og interiørmessig, reine linjene, luftige rom og gjerne glassfasade frå golv til tak